Sommarprogrammet 2019 10. juni til 31. august:

 

-Guida tur på Kyrkjestølen kvar laurdag kl 12, med kaffe og noko attåt.. Kr 80/40.

-Laurdag 15.juni kl 17: Åpning av sommarutstillinga til Bjørg Strømme frå Fitjar. Ho  arbeider i akvarell og med skinn. Sjå heimesida www.bjorgstromme.no

-Laurdag 22.juni kl 18: Fuglar på Filefjell. Ein kveld med geograf og naturfotograf Anders Lundberg. Etter ei innleiing går vi ut i sommarnatta og ser etter fuglar. Kan hende får vi sjå dobbeltbekkasin?

- Sundag 23. juni kl 12: Bilete frå Filefjell. Denne dagen er det 200 år sidan Carpelean laga det kjende biletet frå Myrklopphøgda mot Støgenøse og Nystova. Vi tar turen til Myrklopphøgda. Turleiar: Vang Historielag. Etterpå er det tilbod om rømmegraut m.m. på Kyrkjestølen.

- Laurdag 29. juni kl 1930: Junikvizzz. Påmelding av einskildpersonar og lag tlf 90528433. Tilbod om middag på Kyrkjestølen kl 18.

- Laurdag 6. juli 14-16: Geo-caching- event. Nor nye og erfarne geo-cacharar. Påmelding på www.geocaching.com, eller bare kom! Eit uformelt treff som foregår utadørs, med høve til å kjøpe rømmegraut, vaflar, kaffe m.m. Her kan alle utveksle historiar og dele erfaringar. Gratis.

-Laurdag 13. juli kl 1930: Juli-kviss. Påmelding av lag eller kom aleine tlf 90528433. Tilbod om middag på Kyrkjestølen kl 18.

FILEFJELLSDAGANE:

-Laurdag 3. august kl 12: FAMILIEDAG. Vaksne kr 100/barn kr 60.

-Kl. 12: Omvisning på Kyrkjestølen i Gamleselet og St. Tomaskyrkja. Kaffe m. noko attåt. 

-Kl. 13: 2000 år tilbake i tid: Vi får låne klede som vart brukt på den tida! Steinsliping, og vi lagar eld, og eit enkelt måltid med grilling. Med Jon Heimlid. 

-Kl.13-15: Fjellflora med geograf og naturfotograf Anders Lundberg. Det finst mange spanande plantar på Kyrkjestølen, særleg i Kyrkjeskardet. Ta med fotoapparat. 

-------

-Laurdag 3. august kl 19 i St. Tomaskyrkja: "Smooth Operators" frå Bergen og Osterøy spelar Bob Dylan. Kr 200.

-Måndag 5. august12-16: geo-caching-event. For nye og erfarne geo-cacharar. Det ligg 70 geocachar på Kongevegen og ventar på deg! Inga påmelding. Uformelt treff som foregår utandørs, med høve til mat og drikke. Her kan alle utveksle erfaringar og dele historiar.

- Tysdag 6. august kl 18: Kulturutveksling over landegrensene: Kvinnebunadane frå Øvre Valdres og Indre Sogn. Vi ser på likskaper og skilnader. Minikonsert med tema: Grieg og Ole Bull. Korleis har folkemusikken inspirert kunstmusikken? Med Veronika Kashina, kantor i Vang, og Aleksandra Boiko, fiolinist. Kr 100.

- Torsdag 8. august kl 18: MJØLKEBILEN. Familieforestilling med Hanne Bergljot Oftedal. Ho fortel om stølsliv ved Mjølkevegen i Vestre Slidre, og har med seg songar og segner frå Indre Sogn og Valdres. Vaksne Kr 100/barn kr 50.

-LAURDAG 10. AUGUST:

-Marknadsdag 12-18! Utstillarar frå Sogn og Valdres.

-Pilegrimstur frå Øye til Kyrkjestølen.Turleiarar Bjørn Vilberg og Dag Nordsveen. Vi går frå Øye kl 9. Påmelding tlf 905 28 433 innan 8. august. Les meir om turen på tur-appen outtt.

-Kl 11-Servering på Kyrkjestølen, ute (mat frå Etiopia) og i Gamleselet. 

-Kl 11-17: Båt og kano på Otrøvatn, ved Nystuen. Leige av kano med vestar kr 75 pr time, og kajakk med vest kr 50 pr time. Vipps 40247075.

-Kl 18: Konsert i St. Tomaskyrkja. BUFASTE TONAR spelar musikk frå Filefjell: Håkon Høgemo, fele, Tom Karlsrud, trekkspel og Judith Vestrheim, song. Kr 200, eller båe konsertane kr 400.

-Kl 2030: På Utescena: BERGEN SHANTY KOR. Dirigent Helge Riise. Kr 300, eller fellesbillett båe konsertane kr 400. Ta med sitjeunderlag og passande klede, konserten er ute!

Det kan bli justeringar på programmet!

Kyrkjestølen er klar til å ta imot deg!

Kyrkjestølen er klar for fotturistar, bilturistar, motorsyklistar, ridande, syklistar. Velkommen med hund!

Kort sagt: Alle som likar fjellet er velkomne.

Overnatting med frokost, servering av enkle lunsjrettar, vaflar, kaffi/te, rømmegraut og is i løpet av dagen. Middag  kl 18. Er du interessert i middag, kan du gjerne bestille på forhånd. All mat er lokalbasert, og heimelaga.

Kyrkjestølen ligg ved T-merka sti mellom Skarvheimen og Jotunheimen. Går du Norge på langs, passer det godt å ta ein pause hos oss.

 

Kyrkjestølen ligg ved Kongevegen over Filefjell. Du kan gå heile, eller delar av denne fantastiske vegen frå 1793. Det er mange moglegheiter for overnatting, mat og opplevingar langs Kongevegen. Sjå www.visitkongevegen.no for mer info.

 

Vi anbefaler følgande 3-dagars opplegg: Bu hos oss. Bruk buss, sykkel eller eigen bil for å nå dei beste delane av Kongevegen. Vi hjelper deg gjerne m transport.

 

Dag 1: Ta buss til Maristova. 10 km i vakkert terreng, 2-3 timer, tilbake til Kyrkjestølen. Dette er den høgaste delen av Kongevegen, og du får ein fin tur med fantastisk utsikt mot Jotunheimen og andre delar av fjellheimen. 

Dag 2: Eigen bil til Borgund Stavkirke, omvisning. Dette er ein godt bevart stavkirke, ei fin oppleving. Så går du Vindhella-vegen, med retur langs Sverrestien. Vandring i ca 2 timer.

Dag 3: Køyre bil eller buss til Galdane, gå forbi Galdane og opp igjen Seltunåsen til bilen. Ca 3 timer. 

 

Du kan enkelt utvide med nokre dager til: 

Dag 4: Opplev Indre Sogn! Ta eigen bil til Øvre Årdal og Hjelle, folkevegen til Vetti, 2-3 timers gange. Opplev Utladalen og Vettisfossen! 

Dag 5: Ta til Jotunheimen. Køyretur til Eidsbugaren og Fondsbu, ca 1 time. Lån nøkkelen til Vinjestova, hytta til Aasmund Olavsson Vinje. Utsikten er en flott topp like ved, ca 2 timer. Lunsj på Fondsbu?

 

 

Kyrkjestølen har 26 senger, enkel standard, utedo, men dusj.

Helt greit om du har med sovepose/lakenpose, men du kan leige sengetøy.

Går du med telt, kan vi tipse deg om gode plassar å slå det opp.

 

Priser:
Overnatting med frokost kr 400.

Leige av sengetøy: kr 95.

Kafe: Rømmegraut og spekemat. Vafler og kaffe. 

Middagsretter 100-195.  

Kulturarrangement i peisestova eller guiding i gamleselet. 

 

Hjertelig velkommen til Kyrkjestølen.

 

Booking 905 28 433.  

Brobyggere fra DNT:. Siste gjester i år.

Ny bro ved utløpet av Sletningen, flott arbeid av brobyggere i DNT. Mange som har strevd med å komme over her, men nå går det bedre. Hurra for DNT.

Går du Norge på langs og trenger en bedre middag før du går videre? Vi ligger like ved T-merket sti mellom Sulebu og Sletningsbu.

Benedicte Haug Olsen. Bursdag i dag! Hun trenger påfyll!

Ta kontakt på tlf 905 28 433.