FUGLAR PÅ FILEFJELL. Laurdag 22. Juni kl 1930, med Anders Lundberg.

BILETE FRÅ FILEFJELL.Sundag 23. Juni kl 12: 200 år sidan Carpelean laga dette biletet!

Sommarprogrammet er i full gang:

Kyrkjestølen er ein fin møteplass for folk i fjellet. No gler vi oss til

FILEFJELLSDAGANE:

-Laurdag 3. august kl 12: FAMILIEDAG. Vaksne kr 100/barn kr 60.

-Kl. 12: Omvisning på Kyrkjestølen i Gamleselet og St. Tomaskyrkja. Kaffe m. noko attåt. 

-Kl. 13: 2000 år tilbake i tid: Vi får låne klede som vart brukt på den tida! Steinsliping, vi lagar eld, og eit enkelt måltid med grilling. Med Jon Heimlid. 

-Kl.13-15: Fjellflora med geograf og naturfotograf Anders Lundberg. Det finst mange spanande plantar på Kyrkjestølen, særleg i Kyrkjeskardet. Ta med fotoapparat.  

-------

-Laurdag 3. august kl 19 i St. Tomaskyrkja: "Smooth Operators" frå Bergen og Osterøy spelar Bob Dylan. Kr 200. Det er mange som vil vere med på dette, og vil bestille billettar. Du kan ringe til meg og få reservert billett, men elles er det sal i døra. Vipps eller kontant. Garantert fin musikk, gode tekstar og allsang!!

-Måndag 5. august12-16: Geo-caching-event for nye og erfarne geo-cacharar. Det ligg 70 geocachar på Kongevegen og ventar på deg! Inga påmelding. Uformelt treff som foregår utandørs, med høve til mat og drikke. Her kan alle utveksle erfaringar og dele historiar.

- Tysdag 6. august kl 18: Kulturutveksling over grensene: Kvinnebunadane frå Øvre Valdres og Indre Sogn. Vi ser på likskaper og skilnader. Bodil Enger fortel om tidsperiode, kjelder, handelsvegar, materialtilgang. Representantar frå Sogn og Valdres fortel om draktskikken og drakthistorie. Dei syner fram modellar med ulike bunader. Demonstrasjon av ulike teknikker (jenteoppbinding, knytting av silkesjerf etc.) Ulikheter, spørsmål frå publikum. ---Minikonsert med tema: Grieg og Ole Bull. Korleis har folkemusikken inspirert kunstmusikken? Med Veronika Kashina, kantor i Vang, og Aleksandra Boiko, fiolinist. Kr 200.

- Torsdag 8. august kl 18: MJØLKEBILEN. Familieforestilling med Hanne Bergljot Oftedal. Ho fortel om stølsliv ved Mjølkevegen i Vestre Slidre, og har med seg songar og segner frå Indre Sogn og Valdres. Vaksne Kr 200/barn kr 50.

-LAURDAG 10. AUGUST:

-Marknadsdag 12-18! Utstillarar frå Sogn og Valdres.

-Mini-Pilegrimstur frå Øye til Kyrkjestølen.Turleiarar Bjørn Vilberg og Baard Haugse. Vi går frå Øye kl 9.30.Påmelding tlf 905 28 433 innan 8. august. Les meir om turen på tur-appen outtt, eller få meir informasjon på Kyrkjestølen. Dette er ein tur på  6-7 timar, og du må ha passande støvler/fjellsko, mat, nok drikke for oppstiginga til fjells.

-Kl 11:Servering på Kyrkjestølen, ute (mat frå Etiopia) og i Gamleselet. 

-Kl 11-17: Båt og kano på Otrøvatn, ved Nystuen. Leige av kano med vestar kr 75 pr time, og kajakk med vest kr 50 pr time. Vipps 40247075.

-Kl 18: Konsert i St. Tomaskyrkja. BUFASTE TONAR spelar musikk frå Filefjell: Håkon Høgemo, fele, Tom Karlsrud, trekkspel og Judith Vestrheim, song. Kr 200, billettar i døra.

Det kan bli justeringar på programmet!

Kyrkjestølen er klar til å ta imot deg!

Åpning 10. juni.

Kyrkjestølen er klar for fotturistar, bilturistar, motorsyklistar, ridande, syklistar. Velkommen med hund!

Kort sagt: Alle som likar fjellet er velkomne.

Overnatting med frokost, servering av enkle lunsjrettar, vaflar, kaffi/te, rømmegraut og is i løpet av dagen. Middag  kl 18. Er du interessert i middag, kan du gjerne bestille på forhånd. All mat er lokalbasert, og heimelaga.

Kyrkjestølen ligg ved T-merka sti mellom Skarvheimen og Jotunheimen. Går du Norge på langs, passer det godt å ta ein pause hos oss.

 

Kyrkjestølen ligg ved Kongevegen over Filefjell. Du kan gå heile, eller delar av denne fantastiske vegen frå 1793. Det er mange moglegheiter for overnatting, mat og opplevingar langs Kongevegen. Sjå www.visitkongevegen.no for mer info.

 

Vi anbefaler følgande 3-dagars opplegg: Bu hos oss. Bruk buss, sykkel eller eigen bil for å nå dei beste delane av Kongevegen. Vi hjelper deg gjerne m transport.

 

Dag 1: Ta buss til Maristova. 10 km i vakkert terreng, 2-3 timer, tilbake til Kyrkjestølen. Dette er den høgaste delen av Kongevegen, og du får ein fin tur med fantastisk utsikt mot Jotunheimen og andre delar av fjellheimen. 

Dag 2: Eigen bil til Borgund Stavkirke, omvisning. Dette er ein godt bevart stavkirke, ei fin oppleving. Så går du Vindhella-vegen, med retur langs Sverrestien. Vandring i ca 2 timer.

Dag 3: Køyre bil eller buss til Galdane, gå forbi Galdane og opp igjen Seltunåsen til bilen. Ca 3 timer. 

 

Du kan enkelt utvide med nokre dager til: 

Dag 4: Opplev Indre Sogn! Ta eigen bil til Øvre Årdal og Hjelle, folkevegen til Vetti, 2-3 timers gange. Opplev Utladalen og Vettisfossen! 

Dag 5: Ta til Jotunheimen. Køyretur til Eidsbugaren og Fondsbu, ca 1 time. Lån nøkkelen til Vinjestova, hytta til Aasmund Olavsson Vinje. Utsikten er en flott topp like ved, ca 2 timer. Lunsj på Fondsbu?

 

 

Kyrkjestølen har 26 senger, enkel standard, utedo, men dusj.

Helt greit om du har med sovepose/lakenpose, men du kan leige sengetøy.

Går du med telt, kan vi tipse deg om gode plassar å slå det opp.

 

Priser:
Overnatting med frokost kr 400.

Leige av sengetøy: kr 95.

Kafe: Rømmegraut og spekemat. Vafler og kaffe. 

Middagsretter 100-195.  

Kulturarrangement i peisestova eller guiding i gamleselet. 

 

Hjertelig velkommen til Kyrkjestølen.

 

Booking 905 28 433.  

Høgfjellsstrekninga frå Kyrkjestølen mot Maristova gir eit fantastisk utsyn i alle retninger. Her mot nord og Jotunheimen.

Berre kome fram, med hundar og folk, og kosa seg i sola!

Går du Norge på langs og trenger en bedre middag før du går videre? Vi ligger like ved T-merket sti mellom Sulebu og Sletningsbu.

Benedicte Haug Olsen. Gjekk langtur i 2018 og treng påfyll på bursdagen sin!

Ta kontakt på tlf 905 28 433.